***********Nyheter********* Hva skjer på NAus?

Postlagt 18.9.07

Nettvett fredag 21.09.07

Fredag 21.09 klokka 12.30 samlast alle elevane i kiosalen på kulturhuset for å få informasjon om NETTVETT. Dette er eit opplegg for å gjera elevane oppmerksame på kva dei møter på Internett, og kva slag farer som kan lure der.
Nettvett er sett i gang av FAU på skulen, og det same opplegget er køyrt for foreldregruppa på skulen.

Nasjonale prøver på 8.steget

Elevane på 8.steget har nasjonale prøver i engelsk, lesing og rekning i veke 38 og 39. Prøva i engelsk skal leverast på Internett, og blir difor avvikla på datarommet på skulen.